Trigonometrisk funksjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
I matematikken er trigonometriske funksjonar eller sirkulære funksjonar funksjonar av ein vinkel. Dei er viktige i studiet av trekantar og modellering av periodiske fenomen, blant mange andre bruksområde. Trigonometriske funksjonar er vanlegvis definert som tilhøve mellom to sider i ein rettvinkla trekant der vinkelen inngår, og kan på same måte definerast som lengder av ulike linjestykke i ein einingssirkel. Meir moderne definisjonar uttrykkjer dei som uendelege rekkjer eller som løysingar av bestemde differensiallikningar, noko som utvidar dei til å bruke positive og negative vinkelverdiar, og til og med komplekse tal.
I moderne bruk er det seks grunnleggjande trigonometriske funksjonar, som er nemnt her saman med likningane for korleis dei forheld seg til kvarandre. Spesielt i tilfellet med dei siste fire er desse tilhøva ofte rekna som definisjonane av dei funksjonane, men ein kan like godt definere dei geometrisk eller på andre måtar, og så utleie desse tilhøva.