Torstein Grythe (24. november 1918–1. mai 2009) var ein norsk musikar og dirigent. Han er best kjend for å ha oppretta gutekoret Sølvguttene, som han òg dirigerte fram til 2004.
Torstein Grythe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. november 1918 |
Død | |
Yrke | dirigent |
Torstein Grythe på Commons |
Biografi
Torstein Grythe var fødd i Oslo, då kalla Kristiania, i 1918. Som niåring byrja han å læra å spela fiolin på Musikkonservatoriet i Oslo. I 1928 vart han medlem i Olavsguttene, ein gutekor som nettopp hadde vorte oppretta. I 1930 byrja han i Oslo Domkor, der han etter kvart vart visedirigent.
I 1937 vart Grythe med i Leif Rustad sitt orkester i NRK, der han spelte bratsj. Oppmoda av Rustad stifta han eit nytt gutekor, Sølvguttene, i 1940, då Noreg var under tyske okkupasjon. I 1951 fekk han stilling som dirigent for NRKs guttekor, som i 1967 vart slått saman med Sølvguttene. Grythe valde ut eit repertoar for koret som omfatta gamal og samtidig kyrkjemusikk, folkesongar, madrigalar og vanleg kormusikk. Han hadde eiga opplæring for unge koraspirantar. Han dreiv òg med fleire fellesaktivitar for kormedlemar, mellom anna ein sommarleir for gutane og båtturar med skøyta si. Arbeidet hans fekk Sølvguttene opp på eit internasjonalt nivå, med konsertar i fleire land rundt Europa og vidare. Han fortsette å driva koret heilt fram til 2004 då, 86 år gamal, han overlet koret til den nye dirigenten Fredrik Ottestad. Ifølgje Guiness rekordbok hadde han i 2004 den lengste karrieren som dirigent i heile verda.
I tillegg til Sølvguttene dirigerte Grythe også Mannskoret i BUL (1952), jentekoret Rødhettene (1953–63), Fosskoret (1956–72) og Den Norske Studentersangforening (1973–76). Han har også hatt stilling som musikklærer ved Foss gymnas frå 1955 til 1972 og som lektor i musikk ved Oslo lærerhøgskole frå 1972 til 1987. I 2009 gav han ut ei bok under tittelen Sølvguttene - De første årene som var skriven saman med Morten Wessel Krogstad.
Han døydde 1. mai 2009 i Oslo, 90 år gamal.
Utmerkingar
Grythe fekk fleire prisar og utmerkingar for arbeidet han hadde gjort med Sølvguttene:
- Kongens fortjenstmedalje i gull
- St.Hallvard-medaljen,
- Heidersprisen under Spellemannprisen 1990
- Gammleng-prisen 1996 i klassen veteran
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
Kjelder
- Erik Østby, «Torstein Grythe», Norsk biografisk leksikon.
- «Torstein Grythe er død Arkivert 2009-05-03 ved Wayback Machine.», Vårt Land 1. mai 2009.
- Sølvguttene, «Sølvguttenes historie Arkivert 2009-02-14 ved Wayback Machine.».
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.