Torsken kommune
Tidlegare kommune i Troms From Wikipedia, the free encyclopedia
Torsken kommune | |||
tidlegare kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Gryllefjord | ||
Areal | 243 km² | ||
• land | 235 km² | ||
• vatn | 8 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Fred Flakstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 1928 | ||
Torsken 69.296388888889°N 17.036388888889°E | |||
Kart som viser Torsken kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Torsken | |||
Nettstad: www.torsken.kommune.no | |||
Torsken kommune (nordsamisk Doaskku suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han låg på yttersida av øya Senja. Kommunen grensa i nord mot Berg kommune, og i sør og aust mot Tranøy kommune. Torsken kommune fekk grensene sine i 1964, då områda sør for Selfjorden i sør vart ført over til Tranøy. 1. januar 2020 vart Torsken slått saman med dei tre nabokommunane Berg, Lenvik og Tranøy til Senja kommune.
Busetnaden i kommunen er konsentrert om typiske fiskevær. Størst er tettstaden og administrasjonssenteret Gryllefjord. Kommunen har fleire spisse tindar på 600-1000 moh., og mellom tindane går djupe botnar og tronge søkk. Det er også meir opne, myrlendte dalar og mange vatn. Frå vest er kommunen sterkt innskoren av Selfjorden, Sifjorden og Torskefjorden.
Næringsliv
Kommunen ligg nært ressursene på dei store fiskebankane utanfor Vesterålen og Sør-Troms, og i 2004 vart det ført i land 9,8 mill. tonn til ein verdi av 76,3 mill. kr til fiskemottaka i Torsken, Gryllefjord, Kaldfarnes og Grunnfarnes. Av desse er Gryllefjord viktigast med den største bedrifta i kommunen, Gryllefjord fryseri AS med filetproduksjon. Kommunen har ein del fiskeoppdrett og har forholdsvis lite produktiv skog, men det er planta ein del gran på lune område. I sørlege delar finst brukbare jordbruksareal. Det er fem gardar med meir enn 5 daa jordbruksareal i kommunen (1999).[1]
Samferdsel
Vegnettet deler kommunen i to: Ein nordre del med Gryllefjord og Torsken som har vegsamband med Indre Senja og Finnsnes på fylkesveg 86, og ein søre del med den resterande busetnaden som har eit samband via fylkesveg gjennom Kaperdalen til fylkesveg 86. Det går hurtigbåt frå Flakstadvåg til Harstad, og ei ferje frå Gryllefjord til Andenes om sommaren.[1]
Grunnkrinsar
Torsken kommune har berre eitt delområde. Det er deld i følgjande sju grunnkrinsar (folketal 2008):
- Ballesvik (4)
- Gryllefjord (387)
- Torsken (170)
- Grunnfarnes (90)
- Kaldfarnes (142)
- Sifjord (103)
- Flakkstadvåg (40)
- Utan oppgjeve bustad (1)
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet er ein ankerkross i gult på svart bakgrunn. Ankerkross har særleg vore brukt i kyrkjer på kysten, og er eit eldgamalt kristent symbol. Det symboliserer på den eine sida kampen for tilværet (krossen) og på den andre sida ei trygg hamn (ankeret). Kommunevåpenet skal slik seie noko om staden kommunen ligg på og utfordringane folket har i omgjevnadane dei lever i. Ivar Enoksen står bak ideen til våpenet og har også teikna det.
Historie
Torsken kommune vart oppretta 1. januar 1902, då han vart skild ut frå Berg kommune. 1. januar 1964 vart Rødsandområdet overført til Tranøy kommune.[2]
Folketalsutvikling
Torsken kommune var frå 2013 den minste kommunen i Troms etter folketal.
Folketalsutvikling for Torsken kommune frå 1910:
- a Talet omfattar Rødsandområdet, som var del av Torsken kommune fram til 1964, då det vart overført til Tranøy kommune. Dette området hadde då 160 innbyggjarar.
Folk frå Torsken
- Ottar Brox, politikar, sosiolog, sivilagronom
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.