Torgny Mogren
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Torgny Mogren (fødd 26. juli 1963) frå Hällefors er ein svensk tidlegare langrennsløpar. Han vann verdscupen i langrenn i 1987, og var mellom dei tre beste i til saman fem sesongar. Mogren vart verdsmeister på femmila både under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme og på heimebane i Falun to år seinare. I 1988 vart han oympisk meister med Sveriges stafettlag. Mellom 1986 og 1997 vann han ni svenske meisterskap. Mogren tevla for Åsarna IK.
Torgny Mogren | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 26. juli 1963 (61 år) Hällefors |
Yrke | langrennsløpar |
Høgd | 174 centimeter |
Torgny Mogren på Commons |
Åsarna IK vann elleve svenske meisterskap over 3x10 km stafett i perioden 1985-98. Mogren var med på ti av triumfane, saman med mellom andre Jan Ottosson, Thomas Wassberg, Jyrki Ponsiluoma, Peter og Morgan Göransson.
Mogren vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1993. Han la opp som langrennar i 2000.
I dag bur han i Mora.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.