Tonespråk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon.
Eit døme på tonespråk er det vestafrikanske språket joruba, som har ord som dei nedanfor, der tonen stavingane blir uttala med, er det einaste som skil orda frå kvarandre. Alle tre orda kan skrivast [ag͡bɔ̃] i ein IPA-transkripsjon utan tonar.
Ortografi | Tyding | Tone på 1. staving a | Tone på 2. staving gbọn |
agbọ̀n | 'korg' | M (midtre) | L (låg) |
àgbọn | 'kokosnøtt' | L (låg) | M (midtre) |
agbọ́n | 'veps' | M (midtre) | H (høg) |
Tonane er markerte ortografisk i joruba med aksentteikn. [´] viser høg tone; ikkje noko teikn viser midtre tone og [`] viser låg tone. Språknamnet illustrerer alle tre tonane: jorùbá. Ein kan lese meir om tonar i yoruba i artikkelen Tonologien i joruba.