![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/95/F%25C3%25BCr_Toleranz.jpg/640px-F%25C3%25BCr_Toleranz.jpg&w=640&q=50)
Toleranse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Toleranse (avleidd frå latin tolerantia, 'det å halde ut, tole') er ein posisjon der ein godtek noko som avvik frå norma. Det vert brukt både i naturvitskaplege, tekniske og medisinske samanhengar og i sosiale og kulturelle samanhengar (naturbaserte og kulturbaserte vurderingar).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/95/F%C3%BCr_Toleranz.jpg/640px-F%C3%BCr_Toleranz.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/79/Hilversum_kunstwerk_tolerance.jpg/640px-Hilversum_kunstwerk_tolerance.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a8/Monument_of_Tolerance_in_Jerusalem.jpg/640px-Monument_of_Tolerance_in_Jerusalem.jpg)
I sosiale og kulturelle samanhengar er toleranse ei evne eller haldning til å erkjenne og vise vørdnad for det andre trur og gjer og for verdiane deira. Toleranse medfører ikkje å vera samd i alt som er annleis, men å ha ei venlegsinna innstilling til det. Dette vil seia at ein ikkje avviser folk med ulike tankar, religionar, kulturar, utsjånad og framferd.