![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/13/Josip_Broz_Tito_uniform_portrait.jpg/640px-Josip_Broz_Tito_uniform_portrait.jpg&w=640&q=50)
Josip Broz Tito
From Wikipedia, the free encyclopedia
Josip Broz Tito (25. mai 1892–4. mai 1980) var den øvste leiaren av Jugoslavia i perioden etter den andre verdskrigen og fram til han døydde i 1980, fyrst som statsminister (1945–53), så som president. Etter brotet med Sovjetunionen i 1948, førte han ein sjølvstendig kommunistisk politikk, medan han utanrikspolitisk stod for ein nøytral politikk.
Tito var fødd Josip Broz i Kumrovec i Kroatia. Han var opphavleg metallarbeidar, og aktiv kommunist frå 1917.[1] Det jugoslaviske kommunistpartiet fekk stor støtte ved valet i landet i 1920, men blei alt året etter forbode. Tito blei sjølv dømd til fem år i fengsel for si deltaking i kommunistpartiet.[2]
Da den spanske borgarkrigen braut ut organiserte Tito mange frivillige til forsvaret av den spanske republikken mot fascismen.