Timișoara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Timișoara (/timiˈʃo̯ara/, ungarsk Temesvár (/temeʃva:r/)) er ein by i regionen Banat vest i Romania. Han er sete i Timiș fylke.
Timișoara | |||
---|---|---|---|
Hovudbygningen til Det polytekniske universitetet i Timișoara | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Timiș | ||
Borgarmeister | Dominic Samuel Fritz | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Storbyområde |
129,2 km² 1070.4 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
250 849 1 941,6 /km² 367 430 | ||
Koordinatar | 45°45′35″N 21°13′48″E | ||
Høgd over havet | 90 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 300xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 56 | ||
Bilnummer | TM | ||
Nettstad: www.primariatm.ro |
Med noko over 250 000 innbyggjarar er Timișoara den femte største byen i landet (2021) etter București, Cluj-Napoca, Iași og Constanța.[1] Han er eit stort økonomisk og kulturelt senter i Banat.
Han er ein multikulturell by påverka av dei mange minoritetane, hovudsakleg ungararar, tyskarar og serbarar, i tillegg til italienarar, arabarar, indarar, bulgararar, sigøynarar, jødar og grekarar. Namn på byen på ulike språk er ungarsk Temesvár, tysk Temeschburg, Temeswar eller Temeschwar, bulgarsk Тимишоара, serbisk Темишвар, Temišvar, Banat-bulgarsk Timišvár og tyrkisk Tamışvar-Tamişvar eller Temeşvar.
Byen vert òg kalla «Vesle-Wien» fordi han i ein lang tid høyrte til Habsburgmonarkiet og heile sentrum i byen vart bygd under denne perioden og kan minne om gamle Wien. Timișoara er ein viktig universitetsby med fag innan medisin, mekanikk og elektroteknologi. Han er ein industriby og vart den første europeiske byen fekk elektriske gatelys i 1884. Han vart òg den andre byen i Europa og den første i dagens Romania som hadde hestar som drog trikkar i 1867. Mange hevdar at Gustave Eiffel, som teikna Eiffeltårnet i Paris, bygde ein av gangbruene over Bega i byen.