amerikansk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Thomas Montgomery Newman (fødd 20. oktober 1955) er ein USA-amerikansk filmmusikkomponist frå Los Angeles, California.
Thomas Newman | |||
| |||
Fødd | 20. oktober 1955 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1984– | ||
Verka som | komponist, filmmusikkomponist | ||
Mor | Martha Montgomery | ||
Far | Alfred Newman | ||
Gift med | Ann Marie Zirbes | ||
Born | Evan Newman, Jack Newman, Julia Newmann | ||
Prisar | Emmy-prisen, Grammy Award for Best Score Soundtrack for Visual Media, Classic Brit Awards |
Thomas Newman kjem frå ein familie av filmmusikarar. Både faren, Alfred Newman, onkelen Lionel Newman, broren David Newman og syskenborna Randy Newman og Joey Newman har drive med musikk, og særskilt filmmusikk.
Thomas Newman gjekk på Yale University før han tok til med filmkomposisjon i 1984. Gjennombrotet kom i 1994 då han komponerte filmmusikken til Little Women og Frihetens regn, og sidan har han komponert filmmusikk til ei rekkje filmar. Framleis har han ikkje vunne Oscar-prisen, sjølv om han har vore nominert 10 gonger. Han har derimot vunne BAFTA-prisen og to Grammy-prisar.
Newman er gift og har tre born.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.