The Ripper
From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Ripper» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, først gjeven ut i mars 1976 på singel, og så på studioalbumet Sad Wings of Destiny.
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
The Ripper av Judas Priest frå albumet Sad Wings of Destiny | ||
B-side |
«Island of Domination» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. mars 1976 | |
Innspelt | Mars - juli 1975
Rockfield Studios i Wales | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | Gull | |
Komponist | Glenn Tipton | |
Låtskrivar(ar) | Glenn Tipton | |
Produsent | Jeffery Calvert
Max West Judas Priest | |
Judas Priest-kronologi | ||
«Rocka Rolla» (1975) |
The Ripper | «Diamonds & Rust» (1977)
|
Lukk
Han fortel soga om Jack the Ripper frå synspunktet til mordaren. Songen vart populær hos fansen og er ein av signaturlåtane til gruppa. Glenn Tipton skreiv songen kort tid etter han kom inn i bandet, men produsenten Rodger Bain avviste songen for det første albumet Rocka Rolla. Den originale versjonen som Tipton skreiv var mykje lengre enn den versjonen som kom ut på Sad Wings of Destiny på nesten åtte minuttar. Ein kan høyre originalversjonen på somme tidlege piratkopiplater frå 1975-1976.