That'll Be the Day
From Wikipedia, the free encyclopedia
«That'll Be the Day» er ein song skriven av Buddy Holly og Jerry Allison. Han vart først spelt in av Buddy Holly and The Three Tunes i 1956 og vart så spelt inn på nytt i 1957 av Holly og det nye bandet hans, The Crickets. 1957-innspelinga vart ein stor suksess. Produsenten til Holly, Norman Petty, vart oppført som medlåtskrivar på songen, men medverka ikkje på innspelinga.[3]
That'll Be the Day Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side |
«I'm Looking for Someone to Love» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1957[1] | |
Innspelt | 25. februar 1957, Norman Petty Recording Studio, Clovis i New Mexico | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:16 | |
Selskap | Brunswick, Coral Records | |
Komponist | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Allison, Buddy Holly, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty[2] | |
The Crickets-kronologi | ||
That'll Be the Day | «Oh, Boy!» (1957)
|
Mange andre versjonar av songen er blitt spelt inn. Det var den første songen The Quarrymen, skiffle-gruppa som utvikla seg til The Beatles, spelte inn på ei demoplate.[4]
1957-utgåva av songen selde til gullplate i USA for over ein million selde singlar i 1969. I 1998 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame og er sidan 2005 ein del av arkivet National Recording Registry, ei liste lydinnspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige , og/eller informerer eller reflekterer livet i USA».