Territorium
From Wikipedia, the free encyclopedia
Territorium er eit område som ein stat har suverenitet over. Historisk omfatta omgrepet all landjorda som tilhøyrde ein stat, men i moderne tid er også sjø- og luftterritorium blitt tekne med. Territorium er eit ledd i det vanlege statsomgrepet. I kraft av sin territorialhøgheitsrett utøver staten si tvangsmakt på sitt territorium, som hovudregel over alt og alle som er innanfor dette territoriet, og har einerett til dette.
- For territorium hjå dyr, sjå revir.
«Territorium» kan også brukast som administrativ nemning om område med ein særskild status. I USA blir nemninga til dømes brukt om stader som ikkje har stilling som delstatar, som Amerikansk Samoa, Guam, Nord-Marianane, Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane. I India har eit eit hovudstadsterritorium, Delhi, medan fleire mindre område er administrert som forbundsterritorium.