Terracina er ein hamneby i den italienske provinsen Latina i Lazio-regionen. Byen, som ligg ved Tyrrenhavet, 101 km søraust for Roma, har 45 000 ibuarar og dekker eit areal på 137 km².

Thumb
Terracina ved solnedgang
Thumb
Jupiter ANxur-tempelet på Monte Sant'Angelo

Byen er ein populær feriestad, fyrst og fremst for italienarar. Terracina er kjend for Jupiter Anxur-tempelet på toppen av 227 meter høge Monte Sant'Angelo. Tempelet vart bygt frå det fjerde hundreåret f.Kr., men dei fleste ruinane stammar frå hundreåret før Kristi fødsel.

Historie

I antikken vart staden kalla Tarracina, eit namn som tyder på at byen er frå den tida etruskarane rådde i området. 519 f.Kr. kom byen under romersk herredømme. Volskarane oppe i fjella kjempa i årevis mot romarane om ha kontroll over byen. Terracina låg strategisk til og vart endå viktigare då Via Appia vart lagd gjennom byen i 312 f.Kr. Seinare har Terracina vore styrt av mektige romerske familiar. Før samlinga av Italia var byen underlagd Vatikanstaten.

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.