From Wikipedia, the free encyclopedia
Fitjar (uttale (IPA) ["ficça]) er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.
Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.
Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.