Jordskorpeplate, litosfæreplate eller tektonisk plate er dei oppdelte platene som dannar det stive ytre skalet til jorda. Dei består av jordskorpe og øvre del av mantelen. Jordskorpa er ikkje fast og samanhengande over heile jorda, men delt opp i fleire plater som «flyt» på den mjukare astenosfæren. Dei rører seg med nokre centimeter i året (platetektonikk).[1] Rørslene fører til at kontinenta, som sit fast på platene, gradvis flyttar på seg. Dei fører også til endringar i sonene der platene grensar mot kvarandre - ved konvergente soner der platene glir mot kvarandre vil ei av synka eller bli pressa ned i ei subduksjonssone, ved divergente soner der platene glir frå kvarandre blir det forma ny jordskorpe langs spreiingsryggar, og ved transforme soner der platene glir langs kvarandre oppstår det friksjon som kan gje seismisk aktivitet, som jordskjelv.[2]

Thumb
Inndelinga av verda i jordskorpeplater

Platene kan vera opptil 280 kilometer tjukke, men ved midthavsryggar kan dei vera under ein kilometer tjukke.[1]

Det finst fleire store, og mange mindre jordskorpeplater. Dei største er:

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.