Tambov (russisk Тамбо́в) er ein by og administrativt senter i Tambov oblast i Russland. Han ligg ved elva Tsna, 420 km søraust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 280 000 innbyggjarar.
Tambov Тамбов | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tambov oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1636 1636 | ||
Borgarmeister | Pjotr Tsjrnojvanov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
91 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
281 800 3 096,7 /km² | ||
Koordinatar | 52°43′0″N 41°26′0″E | ||
Høgd over havet | 130 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 392000–392038 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)4752 | ||
Nettstad: cityadm.tambov.ru |
Namnet «Tambov» har opphav i eit ord på moksja (eit finsk-ugrisk språk) som tyder 'våtmark'.
Byen vart grunnlagt etter ordre frå tsar Mikhail I av Russland. Han vart opphavleg bygt som ei grensefestning mot krim-tatarene, men Tambov vart raskt mindre viktig som ein militær utpost av Storfyrstedømet Moskva og vart i staden eit administrativt og handelssenter for ein stort sett landleg region i Keisardømet Russland.
Roman Boborykin, tsaren sin hofftenar (stolnik) og vojvod vart den første byggaren i byen. Takka vere erfaringa hans vart bygginga av festninga raskt fullført.
I 1781 godkjente Katarina den store byvåpenet, som viser ein bikube som symboliserer dei hardt arbeidande innbyggjarane. I mars 1786 vart den vanæra russiske diktaren og politikaren Gavrila Derzjavin utnemnd til guvernør av Tambov gubernija, ei stilling han heldt til desember 1788. Men under den korte perioden fekk han utretta mykje. Utviklinga til byen heldt fram og det vart grunnlagd eit teater, ein høgskule, ein danseskule, eit trykkeri, ei avis, eit orkester og eit teglverk. Eit monument for Derzjavin vart seinare oppført i Tambov.
I november 1830, under koleraopprøret i Russland gjekk innbyggjarane i Tambov til åtak på guvernøren, men dei vart snart nedkjempa av styrkar frå hæren.
På 1800-talet voks Tambov til å verte eit viktig kulturelt senter og mange skular, bibliotek og andre institusjonar vart skipa der. I 1897 nådde innbyggjartalet 50 000.
Mellom 1920 og 1921 vart området rundt Tambov åstad for Tambovopprøret, ein bitter kamp mellom lokale innbyggjarar og den raude armeen til bolsjevikane.
Tambov er i dag eit viktig russisk industrisenter.
Tambov Kunstgalleri husar ei svær samling av russiske og vesteuropeiske kunstnarar. Det eldste dramateateret i Russland ligg i Tambov, samt to universitet, to militære høgskular, ein musikkskule, eit lokalhistorisk museum og andre kulturinstitusjonar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.