Tílos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tílos (gresk Τήλος, italiensk Piscopi, tyrkisk İlyaki) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Øya ligg midt mellom Kos og Ródos og har 780 innbyggjarar (2011).
Tílos Lokalt namn Τήλος | |
---|---|
Livádia på Tílos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°26′N 27°22′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 64,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Ródos |
Største busetnad | Megálo Khorió (237 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 746 (2021[1]) |
Folketettleik | 11,6 /km² |
Tílos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Etter segna var Telos son til Helios og Halia, systera til Telkhines. Han kom til øya for å leite etter urter for å heilbrigde den sjuke mor si og seinare kom han tilbake for å byggje eit tempel til Apollon og Poseidon. Telos (Telo eller Tilo) finst derimot ikkje i gresk mytologi og namnet har sannsynlegvis ukjend opphav i førhellenistisk tid. Plinus den eldre skriv at i antikken var Tílos kjend som Agathussa (Αγαθούσσα) (òg Agathusa og Agathousa). I mellomalderen var ho kjend under det italienske namnet Piscopi eller Episcopi (òg Pisconia).