elv i Oslo From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørkedalselva er ei elv i Sørkedalen i Oslo kommune. Elva vert til der elvane Langlielva og Heggelielva (frå respektive Langlivann og Nordre og Søndre Heggelivann) renn saman. Elva renn frå der inn i Bogstadvannet og vidare ned til Lysakerelva.
Sørkedalselva er til ei viss grad egna for flugefiske sidan ein kan vade stort sett heile strekninga, men den tette vegetasjonen langs breidda stiller ein del krav til fiskaren sin erfaring. Fisken er derimot liten, normalt ikkje større enn 200–300 gram, men fisk på opptil 2,5 kg er vorte fanga her. Dei seinare åra har det vorte sett ut ein del aure frå 300 til 500 gram av Oslomarka Fiskeadministrasjon.
Sørkedalselva er elva som Brødrene Dal padla på i serien Brødrene Dal og Professor Drøvels hemmelighet frå 1978. I serien vart elva kalla Overfloden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.