From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørkedalen er ein dal nordvest i Oslo mellom Voksenåsen og Tryvannshøgda i aust og Venneråsen i vest. Han er eit eige bygdesamfunn med ein kultur som skil seg distinkt frå resten av byen, mellom anna ein breiare og distriktsprega dialekt. Busetnaden består i stor grad av gardar.
Sørkedalselva renn gjennom dalen og ut i Bogstadvatnet. Sørkedalen er eit fint utgangspunkt for skiturar i Nordmarka.
Sørkedalen er om lag 10 km lang og ligg hovudsakleg innanfor Markagrensa, bortsett frå det sørlegaste området nærast Bogstad som ligg i bydel Vestre Aker.
Sørkedalen skole ligg midt i den vidaste delen av Sørkedalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.