Sør-Varanger er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark fylke. Han grensar til Nesseby kommune i vest, til Petsjenga i Russland i aust og til Enare i Finland i sør.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Sør-Varanger kommune
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Kirkenes
Areal 3 971,42 km²
   land 3 480,41 km²
   vatn 491,01 km²
Folketal 10 063  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Magnus Mæland (H)
Kommunenr. 5605
Thumb
Sør-Varanger kommune
69.72861°N 30.04196°E / 69.72861; 30.04196
Thumb
Kart som viser Sør-Varanger kommune.
Kart som viser Sør-Varanger kommune.
Wikimedia Commons: Sør-Varanger
Nettstad: www.sor-varanger.kommune.no
Lukk

Geografi

Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.

Klimaet i Sør-Varanger er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.

Tettstader i kommunen

  • Bjørnevatn - 2 536 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Hesseng - 1 636 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Kirkenes - 3 404 innbyggjarar per 1. januar 2023

Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.

Historie

Folketalsutvikling

Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.

Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
4876 7590 7993 8921 10186 10482 10447 9693 9498 9738
Lukk

Næringsliv

Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.

Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.

Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.

Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes,[4] og fleire land har honorære konsular i byen.

Styresmakter

Ordføraren i 2018 er Rune Rafaelsen.[5]

Kjende personar frå Sør-Varanger

  • Per John Johansen Savio (1877-1905), polfarar 1898–1900
  • Hans Thomas Lange Schaanning (18781956), ornitolog
  • Ole Must (1879-1934), polfarar 1898–1900
  • Aksel Konrad Mikkola (1891–1975), stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
  • John Savio (19021938), samisk kunstnar
  • Osvald Harjo (1910–1993), motstandsmann, mangeårig fange i Sovjetunionen
  • Liv Kristin Hatle (f. 1936), kardiolog og forskar[6]
  • Bendik Rugaas (f. 1942), tidl. nasjonalbibliotekar og planleggings- og samordningsminister
  • Unni Evjen (1943-2019), skodespelar
  • Vegard Ulvang, skirennar og OL-meistar
  • Tore Olsen (f. 1970), skirennar
  • Krister Sørgård (f. 1970), langrennsløpar
  • Hege Moe Eriksen (f. 1975), utanrikskorrespondent og programleier (NRK)
  • John Kristian Dahl (f. 1981)
  • Kari Elisabeth Kaski (f. 1987), politikar
  • Grete Haagenrud, forfattar
  • Per Oskar Kjølaas, biskop i Nord-Hålogaland

Venskapsbyar

Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.[treng kjelde]

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.