Sölvesborgs kommun er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til Bromölla kommun i Skåne län i vest, og Olofströms kommun og Karlshamns kommun i Blekinge län i nord. Administrasjonssenteret er Sölvesborg.

Kjappe fakta Land, Len ...
Sölvesborgs kommun
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Del av Blekinge, Q61441584, Q61441670
Centralort Sölvesborg
Areal 186,89 km²
   land 186,48 km²
   vatn 0,41 km²
Folketal 16 615
Folketettleik 89 / km²
Thumb
Sölvesborgs kommun
56.05°N 14.583333333333°E / 56.05; 14.583333333333
Thumb
Wikimedia Commons: Sölvesborg Municipality
Nettstad: www.solvesborg.se
Lukk

I kommunen finn ein i vest det skogkledde Ryssberget og i aust Listerlandet med strender og små viker. Næringslivet er mykje jordbruk med stort husdyrhald (fjørfe og svin), minkoppdrett, i tillegg til elektroteknisk industri og næringsmiddelindustri.

Administrativ historikk

Ved kommunereforma i 1952 vart «storkommunen» Gammalstorp oppretta av dei tidlegare kommunane Gammalstorp og Ysane. Samtidig vart Sölvesborgs landskommun innlemma i Sölvesborgs stad. 1. januar 1971 vart Sölvesborgs kommun oppretta gjennom samanslåing av Sölvesborgs stad med Mjällby og Gammalstorps landskommunar.

Kommunevåpenet

Blasonering: På gullbakgrunn, ein raud gresk kross og fire blå og raude ålar …[1]

Sölvesborg sitt kommunevåpen vart fastsett for Sölvesborgs stad i 1945 med inspirasjon frå eit segl som tidlegast er kjent frå 1535. Etter kommunegrunnlegginga vart det registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader

Det er ti tettstader i Sölvesborgs kommun. Ein mindre del av tettstaden Pukavik ligg i Karlshamns kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Meir informasjon Nr., Tettstad ...
Nr.TettstadFolketal
1Sölvesborg7 883
2Mjällby1 272
3Hällevik776
3Hörvik776
5Norje674
6Nogersund532
7Pukavik283
8Lörby243
9Ysane212
10Valjeviken211
Lukk

Kjelder

Fotnote

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.