![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/63/Syria_2004_CIA_map.jpg/640px-Syria_2004_CIA_map.jpg&w=640&q=50)
Syrisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Syria ligg i Sørvest-Asia, nord for Den arabiske halvøya i Midtausten heilt aust i Middelhavet. Det grensar til Tyrkia i nord, Libanon og Israel i vest, Irak i aust, og Jordan i sør. Landet består av fjellkjeder i vest og lenger inn i landet stepper. I aust ligg Den syriske ørkenen og i sør ligg fjellområdet Jabal al-Druze. Ørkenen vert kryssa av Eufratdalen. Ei demning bygd i 1973 i Eufrat skapte reservoaret Assadsjøen, den største innsjøen i Syria. Det høgaste punktet i Syria er Hermon (2 814 moh.) ved den libanesiske grensa. Mellom den fuktige kysten av Middelhavet og dei tørre ørkenomrmåda ligg eit halvtørt steppeområde som dekkjer tre fjerdedelar av landet, som har varme, tørre vindar som bles over ørkenen. Syria har 28 prosent dyrkbar mark, 4 prosent permanente avlingar, 46 prosent beitemarker og berre tre prosent skogar.
Syrisk geografi | ||
Kart over Syria | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Syria | |
Koordinatar | 34°N 38°E | |
Totale landegrenser | 2 253 km | |
Grenseland | Irak 605 km, Israel 76 km, Jordan 375 km, Libanon 375 km, Tyrkia 822 km | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
185 180 km² 99,4 km² km² | |
Kystlinje | 193 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Hermon 2 814 m namnlaus stad ved Galileasjøen -200 m | |
Lengste elv | Eufrat 3 596 km | |
Største innsjø | Assadsjøen | |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 24.8 % | |
Permanente avlingar | 4.47 %
| |
Anna | 70.73 % (2005) | |
Irrigert land | 13 560 km² (2003 est) | |
Naturressursar | ||
petroleum, fosfatar, krom- og manganmalm, asfalt, jernmalm, steinsalt, marmor, gips, vasskraft | ||
Naturfarar | ||
støv- og sandstormar | ||
Miljøproblem | ||
avskoging; overbeite; jorderosjon; ørkenspreiing; vassforurining på grunn av utslepp av råklokakk og avfall frå petroleumsraffineri; mangelfull forsyning av drikkevatn |
Syria er delt inn i fjorten guvernement, eller muhafazat (eintal muhafazah). Guvernementa er delte inn i totalt seksti distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), som vidare er delt inn i underdistrikt, eller nawahi (eintal nahiya). Hovudstaden Damaskus er den nest største byen i Syria, og storbyområdet er eit eige guvernement. Aleppo er med 2,3 millionar innbyggjarar den største byen i Syria. Lattakia og Tartus er dei viktigaste hamnebyane til Syria ved Middelhavet.