![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/be/Phalarope_%25C3%25A0_bec_%25C3%25A9troit_cropped.jpg/640px-Phalarope_%25C3%25A0_bec_%25C3%25A9troit_cropped.jpg&w=640&q=50)
Symjesniper
fugleslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Symjesniper (Phalaropus) er ei biologisk slekt av dei tre symjesnipeartane som finst. Dette er vadefuglar i snipefamilien, Scolopacidae. Dei er nære slektningar av andre sniper og vandresniper i slektene Tringa og Actitis, dessutan tereksnipe, steinvendarar Arenaria og Calidris-snipene. Symjesniper er spesielt kjent for to ting: det uvanlege kjønnsrollemønstret ved forplanting, og ein unik fôringsteknikk.
Symjesniper | |
![]() Symjesnipe, Phalaropus lobatus Foto: Jean Moulin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Symjesniper Phalaropus Brisson, 1760 |
Artar | |
Kvithalesymjesnipa Symjesnipe Polarsymjesnipe |
Dette er små til mellomstore sniper, ca. 18–23 cm i lengd, har «symjeflikar» på tærne og eit rett, tynnt nebb. Polarsymjesnipa har tydeleg tjukkare nebb enn dei andre to artane, jamfør namn på svensk, Brednäbbad simsnäppa. Symjesniper er overvegande grå og kvite om vinteren, og utviklar mørkare fjørdrakter med raude markeringar i sommardrakt. Kvithalesymjesnipa er hekkefugl i Nord-Amerika og er trekkfugl i Sør-Amerika. Polarsymjesnipe og symjesnipe har sirkumpolar utbreiing med hekkeområde rundt den nordlege polarsirkelen.