![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/28/A_Day_of_Celebration._From_A_Home_%252826_watercolours%2529_%2528Carl_Larsson%2529_-_Nationalmuseum_-_24221.tif/lossy-page1-640px-A_Day_of_Celebration._From_A_Home_%252826_watercolours%2529_%2528Carl_Larsson%2529_-_Nationalmuseum_-_24221.tif.jpg&w=640&q=50)
Namnedagar i Sverige
From Wikipedia, the free encyclopedia
I Sverige har dei ein lang ubroten tradisjon for å feire namnedagar. Namedagsfeiringa går attende til før reformasjonen, og ulikt i mange andre land held skikken seg sterk i Sverige også etter at landet hadde gått over til protestantismen. Før reformasjonen vart namnedagane feira etter helgendagane. Den fyrste lista over namnedagar etter reformasjonen kom i 1749 i den offisielle svenske almanakken. Sidan har lista vorte endra fleire gonger, seinast i 2001 etter at ei arbeidsgruppe nedsett av Svenska Akademien hadde kome med framlegg. Planen er at lista skal gåast gjennom og reviderast om 15 år, det vil seie i 2016.
I dag, 4. mai, har Monika og Mona namnedag i Sverige.
«Namnsdag på härbret». Svensk namnedagsfeiring måla av Carl Larsson i 1898.