Sven Oluf Sørensen
norsk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sven Oluf Cleve August Sørensen (fødd 26. november 1920 i Paris, død 16. september 2017 i Oslo) var ein norsk fysikar og son av målaren Henrik Sørensen.
Sven Oluf Sørensen | |||
| |||
Fødd | 26. november 1920 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 2017 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, kunstsamlar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Han tok Cand.real. i 1947, dr.philos. i 1952 og vart professor i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo i 1961. Det vitskaplege arbeidet til Sørensen har vore konsentrert om studiet av elementærpartiklar og reaksjonane deira ved hjelp av fotografiske emulsjonar og boblekammerbilete. Arbeidet har for ein stor del vore samarbeidsprosjekt med internasjonale forskingsgrupper, særleg i tilknyting til CERN i Genève.
Sørensen har òg, for å ta vare på kunstverka til faren sin og gjere dei tilgjengelege for publikum, reist Holmsbu Billedgalleri i 1973 og Vinje Biletgalleri i 1991. Han gav ut Søren: Henrik Sørensens liv og kunst i 2003.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.