![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Black-necked-stilt-morro-creek_306.jpg/640px-Black-necked-stilt-morro-creek_306.jpg&w=640&q=50)
Svartkronestylteløpar
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svartkronestylteløpar (Himantopus mexicanus) er medlem av avosettfamilien og ein vanleg vadefugl i våtmarker og kyststrøk i delar av Amerika. Utbreiinga er kystområda i California gjennom mykje av innlandet i vestlege USA og langs Mexicogolfen så langt aust som Florida, og deretter sørover gjennom Sentral-Amerika og Karibia til nordvestre Brasil og sørvestre Peru, austlege Ecuador og Galapagosøyane. Den nordlegaste populasjonen, særleg i innlandet, er typiske trekkfuglar som overvintrar frå heilt sør i USA til sørlege Mexico, sjeldan så langt sør som Costa Rica, på halvøya Baja California er han berre funne regelmessig om vinteren.[1]
Kjappe fakta
Svartkronestylteløpar | |
![]() Vaksen hofugl i Morro Creek, California Foto: Mike Baird | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Svartkronestylteløpar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Avosettfamilien Recurvirostridae |
Slekt: | Stylteløparar Himantopus |
Art: | Svartkronestylteløpar H. mexicanus |
Vitskapleg namn | |
Himantopus mexicanus Müller, 1776 |
Lukk