Svanhild
kvinnenamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svanhild er eit kvinnenamn av norrønt opphav, sett saman av svanr, 'svane', og hildr, 'kamp'. Det finst også i andre germanske språkområde som til dømes Schwanhild, Swanhilda og Swanhilde.
Svanhild har norsk namnedag den 13. februar.
Andre former av namnet er Svanhilda, Svanhilde og Sunilda. Den norrøne forma av namnet var Svanhildr. Den islandske forma er Svanhildur, med kortforma Svana. Schwanhild og Swanhild er nokre tyske former.