Superposisjonsprinsippet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Superposisjonsprinsippet syner innanfor matematikk og fysikk er prinsippet om at summen av enkeltløysingane ei lineær differensiallikning sjølv òg er ei løysing. I fysikken har dette tydinga at ein kan superponere enkeltverknader.
Vi kan skildre det lineære systemet matematisk som F(x)=y der x er stimulien eller input til systemet og y effekten eller responsen. Vi har då at:
- .
Det betyr av viss vi kjenner effekten av og separat, er det lett å finne ut kva den samla effekten av desse vil bli.
Eit lineært system er eit system som kan skildrast med lineære likningar og superposisjonsprinsippet følgjer då òg direkte frå definisjonen på ei lineær likning. Mange system kan skildrast omtrentleg med lineære likningar og superposisjonsprinsippet er difor eit viktig verktøy.