Superellipse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein superellipse er ei matematisk kurve som kan oppfattast som ein mellomting mellom ein ellipse og eit rektangel. Ein superellipse kan i eit kartesisk koordinatsystem skildrast som mengda punkt (x, y) som oppfyller likninga
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a1/Superellipsen.png/320px-Superellipsen.png)
a = 1,0, b = 0,75
n = 0,15, 2/3, 1, 2, 2,5 og 500
der n, a og b er reelle tal > 0.
a og b er halvaksane til figuren. Formelen er ei generalisering av formelen for ein ellipse der n = 2. For n større enn 2 får ein ein superellipse, og for n mellom 0 og 2 får ein ein subellipse.
Kurvene vart først skildra av den franske fysikaren og matematikaren Gabriel Lamé (1795-1870), men dei vart gjort kjent og namngjevne superellipse av Piet Hein.