Suomalaisen Kirjallisuuden Seura
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Suomalaisen Kirjallisuuden Seura (SKS), sv. Finska litteratursällskapet er ein organisasjon som har som mål å fremje kjennskap til og forsking på finsk kultur og kulturarv, særleg språk, litteratur og folketradisjon.
SKS vart grunnlagt i 1831 av folk i krinsen kring Helsingfors universitet som var interessert i finsk språk i å fremje ei nasjonal reising via arbeidet for språket. Røttene til SKS ligg i Åboromantikken rundt Åbo Akademi frå 1820-talet.
SKS publiserte m.a. Kalevala i 1835 og Kanteletar i 1840. Ordet kirjallisuus, som er det finske ordet for litteratur, vart laga av Elias Lönnrot nett for SKS.
SKS har omfattande arkiv innanfor folkeminne, litteratur og språk, og som forlag gjev SKS kontinuerleg ut bøker om finske emne av høg kvalitet.
Danninga av SKS har mykje til felles med danninga av Det norske samlaget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.