![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8b/Subtraction01.svg/langnn-640px-Subtraction01.svg.png&w=640&q=50)
Subtraksjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Subtraksjon eller fråtrekking er ein av dei fire grunnleggande rekneartane (operasjonane) innanfor aritmetikken. Symbolet for subtraksjon er −.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8b/Subtraction01.svg/180px-Subtraction01.svg.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e6/Vertical_subtraction_example.svg/180px-Vertical_subtraction_example.svg.png)
I reknestykket
er a minuenden, b subtrahenden og c differansen eller differensen.
Differensen c er det talet som må adderast til b for å få a. Å bestemme differensen mellom to tal vert kalla å trekke frå eller subtrahere. Teikne minus, -, for å uttrykke differensen kom i bruk kring 1500. Tidlegare nytta ein ofte m, som var ei forkorting for minus.
Subtraksjon er ekvivalent med addisjon av eit negativt tal.