Subduksjon i geologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Subduksjon innan geologi er når ei jordplate vert pressa ned under ei anna jordplate og ned i mantelen. Områda mellom to slike plater vert kalla ei subduksjonssone.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/02/JuandeFucasubduction.jpg/320px-JuandeFucasubduction.jpg)
I subduksjonssoner vert det danna djuphavsgroper, øybogar og fjellkjeder. Subduksjonssoner er område som er geologisk aktive med mange jordskjelv og vulkanar.