norsk bilethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ståle Kyllingstad (7. november 1903–26. november 1987) var ein norsk bilethoggar, glaskunstnar og designar. Han var kunstnerisk leiar ved Hadeland Glassverk i perioden 1936-1946 og er elles kjend for sitt engasjement for tilhøvet mellom kunst og arkitektur i tillegg til ei lang rekke eigne verk. Kyllingstad ivra mellom anna for at kunstnarane måtte komme tidlegare inn i planlegginga av nye bygg.
Ståle Kyllingstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. november 1903 Kvinesdal kommune |
Død |
26. november 1987 (84 år) |
Yrke | bilethoggar |
Språk | norsk, fransk |
Ståle Kyllingstad på Commons |
Ståle Kyllingstad var fødd i Kvinesdal kommune i Vest-Agder, men han voks opp på Soma i Høyland kommune i Rogaland. Han gjekk først ved Norsk Kunsthandverksskule på Voss og studerte sidan ved Statens Kunstakademi. Etter dette drog han til Paris (1926), der han gjekk i lære hos den franske bilethoggaren Antoine Bourdelle. Kyllingstad debuterte på Haustutstillinga i 1927, like etter drog han til USA. Der arbeidde han òg saman med franske kunstnarar. Frå 1933 heldt han til på Austlandet, der han i 1936 vart knytt til Hadeland Glassverk på Jevnaker. Han fungerte òg i mange år som kunstmeldar i Nationen. I 1950 kjøpte han og busette seg på eigendommen Trygstad i Norderhov i Ringerike kommune, der han vart buande livet ut.
Kyllingstad hevda sjølv å ha hogge ut meir enn 800 tonn granitt i si tid. Han hogg meir enn hundre større kunstverk. Mange av desse var krigsminnesmerke. Elles er han mellom anna kjend for kjempehovudet av Aasmund Olavsson Vinje ved Eidsbugarden, «Havfruen» i Stavanger og bjørnane på bybrua i Hønefoss. Kyllingstad bidrog òg med glasarbeid i utsmykkinga av det norske cruiseskipet MY «Stella Polaris» frå 1927.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.