![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fb/Cap_San_Diego.wmt.jpg/640px-Cap_San_Diego.wmt.jpg&w=640&q=50)
Stykkgodsskip
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stykkgodsskip er skip spesielt tilpassa transport av stykkgods. Dei har gjerne heisekraner eller lasteramper for lastebil eller gaffeltruck for å føre lasta i rommen på skipet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fb/Cap_San_Diego.wmt.jpg/640px-Cap_San_Diego.wmt.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/ba/Stueckgut.Kaffeesaecke.wmt.jpg/640px-Stueckgut.Kaffeesaecke.wmt.jpg)
Ved utgangen av 2003 hadde flåten i verda av stykkgodsskip ein total lastekapasitet på 94,8 millionar dødvekttonn, noko som utgjer 11,1 % av den totale verdsflåten. Delen av verdsflåten har gått sterkt tilbake dei siste tiåra (30,2 % i 1970). På éi side er det no større avstand mellom råvareleverandørane og produsentane, difor fraktast meir råvarer med tørrlasteskip til produserande land. På ein anna side har spesialiserte containerskip teke over store delar av transporten av ferdige varer frå produksjonsstadane til konsumentane.