Struvemeridianen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Struvemeridianen er ei rad av 34 geodetiske målepunkt. Målepunkta går frå Hammerfest i Noreg til Svartehavet, gjennom ti ulike land og over 2 820 kilometer. Meridianen vart etablert av den tyskfødde russiske vitskapsmannen Friedrich Georg Wilhelm von Struve i åra frå 1816 til 1855. Systemet skulle hjelpa til å finna ut storleiken og forma til jorda. I starten gjekk meridianen gjennom Noreg og Sverige (som var i union) og gjennom Tsarrussland. Sommaren 2005 vart meridianen teke med på UNESCO si verdsarvliste.
Kjappe fakta Land, Kriterium: ...
Meridiansteinen i Hammerfest, eit av endepunkta til Struvemeridianen | |||
Land | Noreg
Moldova Ukraina | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 29. sesjon i 2005. Referansenr. 1187. | |||
Kriterium: | KULTUR II, III, IV | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Norden | ||
Bakgrunnsstoff | Struvemeridianen ved unesco.org |
Lukk