Straffeloven
oppheva norsk lov From Wikipedia, the free encyclopedia
oppheva norsk lov From Wikipedia, the free encyclopedia
Straffeloven (Almindelig borgerlig Straffelov, lov 22. mai 1902, i kraft 1. januar 1905, ofte forkorta strl.) er ei norsk lov som inneheld dei mest sentrale reglane om straff.
Straffelova avløyste kriminallova av 1842. Lova består av tre delar, første del omhandlar generelle reglar som er eins for alle lovbrot, andre del brotsverk (bokmål: forbrytelse), tredje del misferder (bokmål: forseelser). Med mindre anna er sagt, gjeld dei alminnelege reglane også for alle straffereglane i andre love r.
Lova vart sett i kraft av ei eiga ikrafttredingslov, «Lov om den almindelige borgerlige Straffelovs Ikrafttræden» (ofte nytta kortform strl. ikrl.).[1] Straffelova er framleis i kraft men er blitt endra ei rad gonger. Mange av endringane er blitt greidd ut av eit sakkunnig utval, Straffelovrådet, før 1949 kalla Straffelovkomitéen.
1902-lova er i stor grad verket til professor og riksadvokat Bernhard Getz som leia straffelovkommisjonen av 1895.
Straffelova er for tida under revisjon og ei heilt ny straffelov er på veg. Dei allminnelege reglane i straffelova vart vedteke våren 2005, men er ikkje sett i kraft.[2]
Nytt i den nye straffelova er mellom anna
Romertalla viser til delutgreiinganee frå Straffelovkommisjonen, som ikkje må forvekslast med Straffelovrådet som fortløpande har greidd ut store og små endringar i straffelova.
I NOU 1983:57 Straffelovgivningen under omforming
II NOU 1984:31 Straffelovgivningens stedlige virkeområde, underutval
III NOU 1989:11 Straffansvar for foretak; endringar gjennomført i 1902-lova ved lov 20. juli 1991 nr. 66 jf lov 15 juni 2001 nr. 64
IV NOU 1990:5 Strafferettslige utilregnelighetsregler og særreaksjoner, underutval; endringar gjennomført i 1902-lova ved lov 17. januar 1997 nr. 11
V NOU 1992:23 Ny straffelov – alminnelige bestemmelser
VI NOU 1997:23 Seksuallovbrudd, underutval; endringar gjennomført i 1902-lova ved lov 11 aug 2000 nr. 76, straffelova kap. 19 , Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
VIII NOU 2003:18 Rikets sikkerhet, underutval
Ot.prp. nr. 90 (2003-2004) Om lov om straff (straffeloven), Innst.O. nr.72 (2004-2005) Innstilling fra justiskomiteen om lov om straff (straffeloven), Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen er sett om frå wikipedia på riksmål/bokmål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.