From Wikipedia, the free encyclopedia
Strømpebukse er ettersitjade beinklede med buksedel og strømper i eitt. Dei dekker hoftene, underlivet, beina og føtene. Strømpebukser blir brukt som varmande undertøy mellom truse og ytterbukse eller som damestrømper saman med skjørt eller kjole. Tynne strømpebukser er ofte laga av nylon, medan tjukkare og varmare variantar kan vera av bomull, ull (gjerne blanda med lycra for å sikra god passform) eller akryl.
Ein historisk forløpar for moderne strikka strømpebukser finn ein i samansydde hoser frå seinmellomalderen. Desse hosebrokane var populære blant menn på 1400-talet og utvikla seg sidan til blant anna tronge pantalongar som igjen kom på moten som ytterbukser kring 1800.
Strømpebukser blei for fullt innført mot slutten av 1950-åra og byrjinga av 1960-åra, som ei erstatting for vanlege lange strømper og livstykke for å halda strømpene på plass. Dei blei først teke i bruk av damer og barn, men blei raskt òg teke i bruk av menn, særleg om vinteren.
Strømpebukse blir hovudsakleg brukt som eit plagg for å halda varmen på beina, men blir òg ofte brukt som eit moteplagg, særleg av kvinner. Strømpebukse kan òg ha ein effekt i å auka blodsirkulasjonen i beina, og blir difor brukt av mange som har problem med dette.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.