Melding til Stortinget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei melding til Stortinget (Meld. St.) blir brukt når regjeringa vil presentere saker for Stortinget utan at dei er knytte til forslag til lov- eller plenarvedtak, og også når regjeringa vil trekke eit lovforslag. Meldingar til Stortinget har ofte karakter av å vere ein rapport om arbeid som er gjort på eit spesielt felt, eller eit dokument til drøfting av framtidig politikk. Meldingane, og handsaminga i Stortinget, dannar ofte grunnlaget for ein seinare proposisjon til Stortinget.
Før 1. oktober 2009 var melding til Stortinget kalla stortingsmelding (St.meld.).