From Wikipedia, the free encyclopedia
Storfyrstedømet Litauen (litauisk Lietuvos Didžioji Kunigaikštystė, kviterussisk: Вялі́кае Кня́ства Літо́ўскае (ВКЛ), ukrainsk Велике Князівство Литовське (ВКЛ), polsk Wielkie Księstwo Litewskie) var ein austeuropeisk stat som eksisterte i ulike former frå 1200- til 1700-talet.
Storfyrstedømet vart grunnlagt av heidne, baltiske litauarar under første helvta av 1200-talet. Snart femnde riket det tradisjonelle litauiske området attåt store område av det tidlegare Kiev-riket. I stordomstida på 1400-talet omfatta storfyrstedømet det geografiske området til dagens Litauen, Kviterussland, Ukraina, Transnistria og dels Polen og Russland. Ved Krevo-unionen i 1386 vart Storfyrstedømet Litauen tilknytt Kongeriket Polen under Jogaila ved ein personalunion, med ulike former for Polsk-litauisk union. Frå Lublin-unionen i 1569 var storfyrstedømet Litauen ein integrert del av Den polsk-litauiske realunionen (med separate lover, ein hær og ei statskasse) til den siste delinga av denne staten i 1795.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.