![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/StoreggaFLCommonsZone.jpg/640px-StoreggaFLCommonsZone.jpg&w=640&q=50)
Storeggaraset
From Wikipedia, the free encyclopedia
Storeggaraset, òg kalla Eggaraset, var eit gigantisk undersjøisk ras ute i Norskehavet. Raset gjekk frå Eggakanten på Storegga på den norske kontinentalsokkelen og ut i havet lenger vest. Raset fann stad for om lag 8 200 år sidan og volumet er rekna til å vere 3000 km³. Bakkanten av rasområdet er om lag 300 km langt, og rasmassane raste 800 km ut i djuphavet. Dette gjer det til eit av dei største kjende undersjøiske rasa i verda noko gong.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c9/StoreggaFLCommonsZone2OK.jpg/320px-StoreggaFLCommonsZone2OK.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/StoreggaFLCommonsZone.jpg/640px-StoreggaFLCommonsZone.jpg)
Raset ut i Norskerenna førte til ein stor tsunami som skylde inn mot norskekysten og mot Island, Shetland, Færøyane og Skottland. Flodbølgja er kartlagd til å ha vore 10-12 meter høg på kysten av Møre, inne i fjordane opp til 40-50 meter høg og elles kring 5-10 meter.
I samband med utvinning av naturgass frå Ormen Lange-feltet har dette raset vorte grundig kartlagt og undersøkt. Konklusjonen var at raset skjedde i massar avsett i førre istid, og at det vil krevja ei ny istid for å få eit tilsvarande ras.
Andre geologar meiner at eit tilsvarande ras kan koma frå massen som er att.