Stord Idrettslag er eit idrettslag på Stord i Vestland, skipa 30. mars 1914. Laget, som fram til 2001 heitte Stord Turn og idrettslag, har drive med idrettane turn og friidrett sidan 1914, fotball frå 1918, orientering frå 1945, handball og skiidrett sidan 1965, skeiseløp sidan 1968, symjing sidan 1971, volleyball sidan 1980-talet og basketball sidan 1990-åra. I 1914 stod også bryting på lagsprogrammet.

Kjappe fakta Skipa, Heimebane ...
Stord IL
Skipa30. mars 1914 (110 år)
HeimebaneFotball: Stord stadion
Skøyter: Vikahaugane Kunstisbane
Håndball, Basketball og Volleyball:Stordhallen Nye
Svømming: Stord Svømmehall
KapasitetFotball: 200
LandNoreg
ByStord
StadStord kommune
Thumb
Thumb
Heimedrakt
Thumb
Thumb
Bortedrakt
Lukk

Handball

Stord IL er best kjend for handballaget for menn. Laget spelte i eliteserien frå 1999 til det vart nedrykk i 2011. Kvinnelaget spelar på tredje nivå i seriesystemet.

Fotball

Fotballaget til Stord spelte i 2. divisjon i sesongane 1989 og -90, med forsvarsspelaren Geirmund Brendesæther og angriparen Morten Tislevoll som dei leiande spelarane. Sesongane 2002 til 2006 deltok Stord Sunnhordland Fotballklubb i seriespelet i staden for Stord Idrettslag. Fotballklubben vart danna ved at Stord IL og Moster Idrettslag gjekk saman om felles A-lag. Fellesprosjektet førte ikkje fram, så frå 2007 stilte Stord IL atter med eige lag. I 2015 spelar laget på nivå fire i norsk seriefotball.

Skeiser

Kjell Storelid representerte Stord TIL då han vart norsk meister i 1997.

Turn

Idrettslaget arrangerte Noregsmeisterskapen i turn 1964 for menn, i den dels uferdige nye idrettshallen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.