fjord i Flekkefjord kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Stolsfjorden er ein fjordarm av Fedafjorden i Flekkefjord kommune som går inn til sjølve Flekkefjord. Fjorden har ei lengd på om lag 13 km. Stolsfjorden har innløp på vestsida av Andabeløyna og går nordover forbi Njørnøya og Kjeøy.
På andre sida av Kjeøy vert fjorden kalla Lafjord. Lafjord strekkjer seg om lag 4 km nordover til sjølve byen Flekkefjord. Gjennom Flekkefjord går det eit smalt sund dei kallar Elva og på andre sida held Stolsfjorden fram som Grisefjorden. I Grisefjorden går Austadvika søraustover mellom sentrum av Flekkefjord og Drangeid. På andre sida av Drangeid ligg vatnet Selura. Frå sundet i sentrum av Flekkefjord og nordover til grenda Loga inst i fjorden er Grisefjorden om lag 2,5 km lang.
Vest for Andabeløyna ligg Strandsfjorden som er ein sidearm av Listafjorden. 58°13′47″N 06°41′18″E
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.