From Wikipedia, the free encyclopedia
Stine Ruscetta Skogrand (fødd 3. mars 1993) er ein norsk handballspelar frå Bergen som frå 2018 har spelt på den danske klubben Herning-Ikast. Kant- og rykkromspelaren vart verdsmeister med Noreg i 2015, europameister i 2016, 2020 og 2022, samt olympisk meister 2024. Skogrand deltok perioden 2013-24 i 154 av Noregs landskampar, skåra 293 mål.
Stine Skogrand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mars 1993 (31 år) Bergen |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner |
Skogrand spelte i yngre år på Fyllingen IL og deretter TIF Viking. Til sist melde ho seg til teneste for Tertnes IL, det leiande handballaget i Bergen. 2016-18 var ho aktiv i den danske toppserieklubben Silkeborg-Voel. Sidan 2018 gjer ho teneste i danske Herning-Ikast.
Skogrand fekk sin landslagsdebut den 20. april 2013 mot Sør-Korea. Ho måtte vente til handball-VM 2015 før ho fekk vere med i ei meisterskapsturnering, ein meisterskap som enda med norsk finalesiger og gullmedalje. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016, men var på plass då Noreg vann europameisterskapen 2016 i Göteborg.
Skogrand vart utteken til så vel EM 2018 som VM 2021, men takka i begge tilfella nei, grunna graviditet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.