Stigbøyelen
stigbøyelforma knokkel i mellomøyret som overfører lyd frå ambolten til det indre øyret / From Wikipedia, the free encyclopedia
Stigbøyelen (av latin stapes «stigbøyel») er ein liten stigbøyelforma knokkel, og den inste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret hjå pattedyr, som leiar lydbølgjer til det indre øyret.[1] Han overfører vibrasjonar frå ambolten til det ovale vindauget. Stigbøyelen er den minste og lettaste namngjevne knokkelen i menneskekroppen.