![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/87/Iraqi_Dust_Devil.jpg/640px-Iraqi_Dust_Devil.jpg&w=640&q=50)
Støvkvervel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein støvkvervel, kvervelvind eller dust devil er ei roterande luftsøyle som kan vere alt frå ein halv meter i diameter til over 10 meter. Høgda på dei kan variere frå eit par meter til over 1000 meter.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/87/Iraqi_Dust_Devil.jpg/320px-Iraqi_Dust_Devil.jpg)
Støvkvervlar er vanlegvis ufarlege, men i sjeldne tilfelle kan dei vekse seg så pass store at dei kan gjere skade på menneske og eigedom. Dei kan samanliknast med tornadoar sidan dei begge er uvanlege vêrfenomen og roterande luftsøyler. Tornadoar blir derimot danna i samband med søkkande luft i kraftige toreskyer, medan støvkvervlar blir danna av stigande luft når det ofte er sol og fint vêr. Dei kjem sjeldan opp mot intensiteten til tornadoar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/af/Dust_devil_krakow.jpg/640px-Dust_devil_krakow.jpg)