![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9e/Pikeniere_Wallenstein-Festspiele_Memmingen.jpg/640px-Pikeniere_Wallenstein-Festspiele_Memmingen.jpg&w=640&q=50)
Spyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit spyd eller spjut (arkaisk ein geir) er eit avlangt våpen med eit skaft og ein spiss. Det er eit kraftig våpen som kan kastast eller brukast til å stikka på nært hald. Ein har nytta dei i jakt på større dyr, og til krigføring. Bruken er blitt overført til idretten gjennom spydkast og nokre kampsportar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9e/Pikeniere_Wallenstein-Festspiele_Memmingen.jpg/640px-Pikeniere_Wallenstein-Festspiele_Memmingen.jpg)
Spydet er eitt av dei eldste våpna menneska har laga, og var truleg det mest vanlege fram til ein tok i bruk krutvåpen. Det finst i mange ulike former verda over, og har gjeve opphav til mellom anna lanse, bajonett og harpun.