From Wikipedia, the free encyclopedia
Språkfilosofi er den filosofiske retninga som tek føre seg språket. Feltet studerer filosofiske spørsmål om lingvistisk meining, referanse, språkbruk, språklæring, forståing, sanning, (lingvistisk) tanke og røynsle, kommunikasjon, tolking og omsetjing.
Det finst fem fundamentale problemstillingar i feltet:
I språkfilosofien er det ikkje så viktig kva ord og setningar tydar, ei ordbok eller eit oppslagsverk gir dei fleste svar ein treng i den samanhengen. Det interessante spørsmålet er kva det vil seie for eit uttrykk å tyde noko. Kvifor tydar noko det det gjer? Kva for uttrykk tydar det same, og kvifor? Korleis kan ein kjenne meininga i desse? Og kva er «meining»?
Filosofar studerer også relasjonen mellom meining og sanning. Det er ofte mindre vekt på kva for setningar som faktisk er sanne, som kva for typar meining me kan kalle sann eller usann (kva for meiningar som er proposisjonale). I sanningsorientert språkfilosofi spør ein til dømes: Kan meiningslause setningar vere sanne eller usanne? Og setningar om ting som ikkje finst (har null ekstensjon)? Er det setningane som er sanne eller usanne, eller er det bruken av dei (semantikk vs pragmatikk)?
Språk, korleis utsegn tydar noko, sanning - slike tema er viktige av mange grunner. Ikkje berre fordi språket vert nytta i dagleglivet, men det kan ha sterk påverknad på menneskeleg utvikling (sjå t.d. Sapir-Whorf-tesen); kunnskap kan vere knytt inn i det; konsept som sjølvet, røynsle og eksistens er nært kopla til korleis språket vert nytta, og kva ein lærer gjennom det. Er det i det hele teke mogleg å ha tankar utan eit språk? Kva typar tankar er i så tilfelle ikkje avhengige av språk? Kor mykje påverknad har språket på kunnskap om verda og korleis ein handlar i ho? Er det mogleg å resonnere utan eit språk? Dette er spørsmål som overlapper med psykolingvistikken.
Språkfilosofi er viktig fordi språk er det: det er umogleg å skilje frå korleis ein tenkjer og lever. Folk har generelt eit sett med vitale konsept som er kopla til teikn og symbol, inkludert alle ord (symbol): «objekt», «kjærleik», «godskap», «Gud», «feminin», «maskulin», «kunst», «statsstyre» osb. Ved å blande inn «meining», har alle forma (eller fått forma for seg) eit syn på universet og korleis dei har «meining» i det.
Mange filosofiske diskusjonar byrjar med å klårgjere terminologi (mange kjem seg aldri vidare). Nokre filosofar - t.d. dei med bakgrunn i semiotikk, i tillegg til nokre verk av lingvisten Noam Chomsky - meiner at termen «språk» er alt for vag. Fullstendige system har vorte utvikla for å klårgjere feltet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.