![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/Dangclass1.svg/langnn-640px-Dangclass1.svg.png&w=640&q=50)
Sprengstoff
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sprengstoff er eit eksplosiv eigna til sprenging fordi det kan utvida seg kraftig over kort tid. Dei er typisk kjemisk ustabile stoff som har lett for å reagera og kan avgje mykje energi raskt. Dette skjer vanlegvis i samband med varmeutvikling, store trykkendringar og typisk eit lysglimt og/eller ein høg lyd når stoffet eksploderer.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/Dangclass1.svg/220px-Dangclass1.svg.png)
Ein bruker sprengstoff mellom anna til å sprenga vekk fjellmasse i samband med utbygging, gruveverksemd og liknande, og i militær samanheng til sabotasje og inni sprengvåpen som bomber og granatar.
Ein sats er ein lett tenneleg eller eksplosiv blanding som mellom anna vert nytta i fyrverkeri, tennammunisjon og på fyrstikker.