Språk i Eurovision Song Contest
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Språk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over språk og dialektar som har vorte sunge i Eurovision Song Contest.
Frå 1956 til 1965 kunne ein synge på det språket ein ynskte, men i 1966 vart det innført ein regel om at songane skulle verte sunge på eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Dette var fordi Ingvar Wixell hadde sunge på engelsk for Sverige i 1965.
Regelen varte heilt fram til 1973 då det att vart lov å synge på det språket ein ynskte. Fleire vinnarar på midten av 1970-talet nytta seg av å synge på engelsk, inkludert ABBA som representerte Sverige i 1974. I 1977 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at ein ikkje lenger kunne velje språk, men at ein måtte nytte eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde vald song før språkregelen vart gjeninnført, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk.
I 1999 vart regelen endra att, slik at ein kunne nytte det språket ein måtte ynskje. Denne endringa førte til at det belgiske bidraget i 2003 vart sungen på eit kunstig språk. I 2006 vart det nederlandske bidraget sungen både på engelsk og eit kunstig språk. Det belgiske bidraget i 2008 vart òg sungen på eit kunstig språk.
Sidan gjenninnføringa av denne regelen har fleire land vald å synge sine songar på fleire ulike språk, ofte engelsk og det offisielle språket i landet. Tidlegare henda det ofte at fleire land, som Kroatia med songen «Don't Ever Cry» i 1993 og Austerrike med songen «One Step» og Bosnia-Hercegovina med songen «Goodbye» i 1997, valde bidrag som vart sungen på eit av dei offisielle språka i landet, men hadde tittel og éin linje av songen på eit anna språk, ofte engelsk.
Landet som har nytta flest språk i éin song er Noreg. Bidraget «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart sungen på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk. I 2012 vart songen «Love Unlimited» av Sofi Marinova, som representere Bulgaria, sungen på elleve språk: bulgarsk, tyrkisk, gresk, spansk, serbokroatisk, fransk, romanés, italiensk, aserbajdsjansk, arabisk og engelsk.
Aserbajdsjan er det einaste landet som enno ikkje har delteke med ein song framført på det offisielle språket i landet, aserbajdsjansk. Fram til 2017 hadde ikkje Kviterussland delteke med ein song på eit av sine offisielle språk, kviterussisk og russisk, men det kviterussiske bidraget i 2017 vart framført på kviterussisk.