Sporvidd er avstanden mellom inste kanten på av kvar av dei to jarnbaneskjenene i eit jarnbanespor for tog, tunnelbane, trikk og andre skjenegåande transportmiddel. Jarnbanespor har vanlegvis ei sporvidd på 1435 millimeter, som vert kalla normalspor. Er sporvidda mindre enn dette, vert bana kalla smalspora, er vidda større, er banen breispora.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
For å kunne køyre tog bygd for to ulike sporvidder på den same einspora strekninga, til dømes der ei smalspora og ei normalspora linje møtast for å nytte same traseen på ei strekning, har løysinga i fleire høve vore å lage eit såkalla treskjenespor ved å leggje ei tredje skjene attmed dei to andre, slik at det vert to sporvidder på den aktuelle strekninga. Men nokre sporvidder kan ikkje kombinerast på denne måten, då skilnadene mellom dei ikkje er stor nok til at det vil vere plass til å leggje ei tredje skjene. Dette gjeld til dømes for kombinasjonar av normalsporet på 1435 millimeter, som nyttast i Sverige, og breisporet på 1524 millimeter, som er vanleg i Finland. Derfor er det lagt eit fireskjeners spor på den einspora linja mellom Haparanda i Sverige og Torneå i Finland som gjer det mogleg å køyre både svenske og finske tog på strekninga.
Smalspora banar har vore bygd med ulike sporvidder:
600 millimeters sporvidd har vore nytta på banar for anleggstransport, transport i gruver og liknande. Museumsbanen Lommedalsbanen i Bærum kommune er bygd opp med materiell frå slike banar.
750 millimeter sporvidd er nytta mellom anna på Urskog-Hølandsbanen, populært kalla Tertitten, og på den tidlegare banen Nesttun-Osbanen.
891 millimeter (3 svenske fot) var den vanlegaste sporvidda på smalspora banar i Sverige, no berre nytta på Roslagsbanan i Stockholmsområdet av dei jarnbanane i landet som er i ordinær drift.